Evaluering av første utbyggingstrinn
Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast ei evaluering av første utbyggingstrinn av nødnettet, før ei eventuell avgjerd om landsdekkande utbygging. Hovudtrekka i evalueringsopplegget er skissert i St.prp. nr 30 (2006-2007).
Justisdepartementet har bede Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) om å gjennomføre evalueringsprosjektet og utarbeide evalueringsrapportar. Planlegginga av evalueringa starta hausten 2006, og evalueringsaktivitetar vart sett i gang hausten 2007.
Evalueringa gjev nyttig læring
Evalueringa av første utbyggingstrinn skal gje tilstrekkeleg grunnlag til å kunne vurdere vidare utbygging. Mange av evalueringsaktivitetane vil dessutan gje læring som kan kome til nytte seinare. Difor vert det evalueringsaktivitetar også etter ei eventuell avgjerd om vidare utbygging.
Det vert lagt vekt på å involvere nødetatane i arbeidet med evalueringa. Det er etablert ei eiga evalueringsgruppe med evalueringsansvarlege frå etatane.
Evaluering av ulike aktivitetar
Evalueringa av nødnettprosjektet vil byggje på rapportar frå ei rekkje ulike aktivitetar: Evalueringar gjennomført av uavhengige instansar, eigenevalueringar i DNK og nødetatane, løpande rapportering og oppfølging av ulike delar av nødnettprosjektet. I tabellen nedanfor finn du ei oversikt over dei ulike evalueringane. I tillegg vil DNK og etatane gje sine eigne vurderingar på dei ulike områda. Målgruppa for evalueringsrapportane er i første rekkje overordna departement.
Rapporteringstidspunkt
Resultata vil liggje føre på ulik tidspunkt, avhengig av når det er praktisk mogeleg å gjennomføre dei ulike evalueringane. Eksempelvis må enkelte brukarundersøkingar nødvendigvis vente til nødnettet er teke i bruk, medan ei vurdering av tilgjengelege teknologiar i marknaden kan gjennomførast uavhengig av framdrifta i nødnettprosjektet.
Lenke til oversikt over evalueringsrapportar
Publisert 24.04.2009 Oppdatert 07.08.2009

