Organisering av nødnettprosjektet
Nødnettprosjektet er organisert under Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK). Anskaffinga av nytt nødnett vert organisert som eit ordinært statleg kjøp finansiert med investeringsløyvingar over statsbudsjettet. Staten skal eige dei tekniske komponentane som må til for å realisere nødnettet, medan leverandøren vil få ansvar for kvaliteten i nettet.
Spesifikasjonen for nødnettet i Norge er teknologinøytral. Kravspesifikasjonen (med over 4000 krav frå nødetatane) tek føre seg korleis sambandet skal fungere for sluttbrukeren.
Overordnet Styringsdokument- Nødnett (pdf) skal klargjere forhold rundt samarbeid og ansvar mellom leverandøren, ansvarlege departement og utførande direktorat på vegne av nødetatene (brann, helse og politi).
Det er fleire element i prosjektet:
- Utbygging av radionettverket med drift og vedlikehald etter utbygginga
- Utstyr til etatane sine kommunikasjonssentralar
- Radioar til brukarane (handhaldne og monterte i køyrety)
I desember 2006 vedtok Stortinget å setje i gang første utbyggingstrinn av det nye nødnettet.
Første fase, med utbygging av 54 Austlands-kommunar, er også ei teknisk testfase, og ei vidare landsdekkjande utbygging er avhengig av suksess i første trinn og at Stortinget deretter godkjenner vidare utbygging.
Implementering av nødnettet er ein stor operasjon, og nødetatane må rekne med ei overgangsfase med utprøving og omstilling.
Les meir om:

