Ikkje så nøgde med dagens samband
Politiet, brannvesenet og helsesektoren er ikkje så nøgde med dekning, talekvalitet, pålitelegheit og høve til samarbeid med andre nødtenester når dei skal bruke dei radiosambanda dei har i dag, viser ei spørjeundersøking gjennomført blant tenestemenn i Oslo, Østfold og Follo. Forventningane til det nye nødnettet er store, og dei aller fleste er svært motiverte for å ta det i bruk. Undersøkinga er gjennomført av Statskonsult på vegner av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK).
Nytten av dagens samband og forventninga til det nye nødnettet er målt for å gje grunnlag for vurdering av den samfunnsmessige gevinsten av innføringa av det nye nødnettet. Det vert difor gjort målingar også etter at nettet er teke i bruk.
Ikkje særleg god dekning
Dekning er den mest sentrale eigenskapen i eit radiosamband, og dekninga vert ikkje i dag opplevd som særleg god sett under eitt. Ein femdel av brukarane meiner dekninga er god, fleirtalet meiner ho er både/og eller dårleg. Dekninga vert opplevd som litt betre i byane enn på landet. Blant brukarar av politiets digitale EDACS radiosystem i Østfold og Follo, er det spesielt mange som opplever at dekninga er dårleg.
Dårleg talekvalitet
Talekvaliteten og kapasiteten i nettet får dårlegast vurdering av dei som har svara på spørsmål om dagens samband. Få brukarar er klart nøgde med talekvaliteten i radiosambandet. Særleg er EDACS-brukarane i politiet i Østfold og Follo misnøgde. Over halvparten av desse er klart misnøgde. 
Når det gjelder brukarvennlegheit på radioterminalane, er derimot ein av tre nøgde, medan 14 prosent er klart misnøgde. Storleiken på terminalane valdar større problem, her er over halvparten klart misnøgde.
Til å stole på?
Fire av ti er usamde i ein påstand om at ein kan stole på at radiosambandet fungerer ved større hendingar/kriser. Også her er politiet mest skeptisk. Blant brannmannskap og brukarar innan helse er tilliten betre.
Ikkje så godt samarbeid
Ein føresetnad for det nye nødnettet har vore at det skal gje betre kommunikasjon med nødtenester og andre brukarar med beredskapsansvar. Dei spurde er ikkje så godt nøgde med høvet til å kommunisere med andre nødetatar, noko betre nøgde er dei med kommunikasjonen innan eigen etat. Fleirtalet både innan brann, politi og helse er dessutan usamde i at dei samarbeider godt med dei andre etatane når dei er ute på oppdrag. Endå mindre samde er dei i at rutinane for samvirke eller sambandsprosedyrane er gode nok.
Mobiltelefon i kombinasjon med radio er ikkje godt nok
I dag vert radiosambanda brukte i kombinasjon med mobiltelefon for å få best mogeleg tryggleik. Personellet vart spurde om dei er einige i påstanden om at radiosambandet i kombinasjon med mobiltelefon fungerer godt nok i det daglege arbeidet. Resultata viser at det er langt fleire som er ueinige i denne påstanden enn einige. Særleg i politiet er det mange som er ueinige i at dagens radiosamband i kombinasjon med mobiltelefon fungerer godt nok.
Motiverte for nytt nødnett
Undersøkinga viser at dei aller fleste er svært motiverte til å ta i bruk det nye nødnettet, det gjeld særleg brukarar i politiet, men også i dei andre etatane er motivasjonen stor.
Store forventningar
Resultata viser også at brukarane har store forventningar til det nye nødnettet. Mellom 60 og 75 prosent trur at det nye nødnettet vil gje eit meir effektivt samarbeid med dei andre etatane, at tryggleiken til personellet vert betre, at dei vil føle seg tryggare under oppdrag fordi nettet vert avlyttingssikkert, at borgarane får betre personvern og at det nye nødnettet vil betre etaten si evne til å gje befolkninga god hjelp og vern.
Foto: Mads Ringen, Sivilforsvaret.
Les heile rapporten (lenke)

